mandag 23. november 2009

Her er mine jule-dukar frå kurset



Nytt kurs med Hilde Framnes Neset

Då første kurskveld i oktober var ein stor suksess var me så heldige å få Hilde Framnes Neset med oss også ein kveld i november. Denne kvelden var tema jul og Hilde hadde laga materialpakkar med tre ulike jule-løpere. Ei svært ivrig og engasjert gjeng trødde i gong symaskinane, og kjekt var det.





<






søndag 15. november 2009

VM-lue



Her har eg strikka VM-lue til Kathrine. Ho ønskte litt pynt på, så då måtte eg hekla ei rose å ha på. Ho blei svært fornøgd. :-)

torsdag 12. november 2009

Tovet kurv



For ca. 14 dager siden var eg på handarbeidsmesse i Solid-huset. Der kjøpte eg ein tova kurv som eg likte svært godt. Eg blei så inspirert at eg måtte full fart heim å lage noko tilsvarande. Så tenkt så gjort. Her er kurven før toving. Eg var veldig spent på resultatet då eg aldri har tova før. Eg stikka med pinnar nr. 10 så dette gjekk ganske radigt.




Her er resultatet etter toving. Blei ikkje så hakkande gale...

søndag 8. november 2009